Sagardoaren lurraldea

Norsk sider smakte som gull i internasjonal konkurranse

Descripción

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger: Informasjonskapsler ("cookies") i din nettleser Teknisk info på servere Brukerinformasjon i databaser Informasjonskapsler Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

donostia concurso concurso internacional de sidra sagardo forum sidra premiado

Ficha

  • Fuente: Møre
  • Fecha: 2019-11-29
  • Clasificación: 5.6. Concursos
  • Tipo documento: Prensa
  • Fondo: Sagardoetxea fondoa
  • »
  • Código: NA-009882

Texto completo

Ulvik Frukt & Cideri og Edel Sider frå Åkre Gård gjekk av med sigeren og tok gull i kategoriane «Modern Cider» og «Premium Carbonated Cider».

Asbjørn Børsheim, som driv Ulvik Frukt & Cideri, synest det er spesielt kjekt at gravensteineplet får heider og ære.

– Det er eitt av dei viktigaste siderepla mine. Denne prisen er eit bevis på at sider frå Hardanger har kvalitet og er ei sterk merkevare, seier han.

– Det er kjekt med heider, og at hardt og målretta arbeid gir resultat, følgjer Arita og Gjermund Åkre på Åkre gard opp med.

Kjetil Widding, som er leiar for Siderklynga Hardanger, seier at det ikkje er tilfeldig at det blir prisdryss på sider frå Hardanger.

– Produsentane frå Hardanger har eit sterkt fokus på kvalitet og samarbeid, og det er ein raustleik mot kvarandre i miljøet. Produsentane har eit felles ønske om å løfte kvarandre fram for å bygge fellesskap og framme merkevara Sider frå Hardanger, seier han.

I alt 190 produkt kjempa innanfor ni kategoriar, i ein konkurranse der 14 land var representerte, då Sagardoaren Lurraldea arrangerte internasjonal siderkonkurranse i San Sebastián søndag.